Exhibition: Arne Svalastog • Skogens Uro

Arne Svalastog
”Skogens uro” (The Forest Unrest)
fotografi • photography
Galleri Schaeffers Gate 5
9.-19. November 2023

vernissasje info & åpningstider

onsdag – fredag kl 15 – 18
(Weds-Fri 3-6pm)

lørdag – søndag kl 12 – 16
(Sat-Sun 12 Noon – 4pm)


Om utstillinga

Utgangspunktet for alle fotografia i utstillinga er kulturskogen, altså skog som i stor grad er påverka av menneske, og menneskeleg aktivitet: landskapet langs vegar og hogstflater, randsoner, plantefelt, vindfall.

Slik sett problematiserer tittelen ”Skogens uro” det kjente uttrykket ”skogens ro”, som på mange måtar er eit glansbilete og ei sovepute.

Tittelen og fotografia har samtidig også i seg det meir innovervende og personlege i møtet mitt med skogen: Lyset. Den langsame tida i ein skog. Det vakre. Det mystiske. Det skumle. At eg ofte kan føle ei uro der meir enn ei ro, både på skogens vegne, men like mykje i mi eiga oppleving i og av den.

Om kunstnerskapet

Eg er i hovudsak autodidakt, med eit ½ års-kurs i fotografisk dokumentasjon ved Nordens Fotoskola i Stockholm som viktigaste input. Den dokumentariske haldninga derifrå har eg tatt med meg inn i det kunstneriske arbeidet mitt, og den er fortsatt ofte utgangspunktet for det eg fotograferer, og også måten eg fotograferer på.

Eg er i fotografia mine generelt oppteken av det forgjengelege, og korleis menneska påverkar naturen og motsett. Som større prosjekt har eg tidlegare fotografert den siste tømmerfløtinga i Norge (som enda opp i bok og separatutstilling på Norsk Skogmuseum i 2011) og det islandske landskapet sett frå bilvindauget, gjennom mange studieturar (med fleire kunstnaropphald hos SÍM i Reykjavik). Eg fotograferer primært analogt, og ofte i svart/kvitt. Eg arbeider nesten utan unntak tematisk, og i seriar. Noko av det viktigaste for meg i sjølve fotograferings-situasjonen, er å opne opp for det tilfeldige, og dermed for det eg ikkje kan eller vil styre.

Arne Svalastog
Gvarv, september 2023


for CV and ENGLISH translation of text – SEE BELOW

Kontakt:
Mobil: (+47) 906 52 901
E-post: svalastog@online.no
Web: http://www.svalastog.no

About the Exhibition

The starting point for all the photographs in the exhibition is the cultural forest, i.e. forest that is largely influenced by humans and human activity: the landscape along roads and felled areas, edge zones, planting fields, windfall. Seen in this way, the title “Skogens uro” problematizes the well-known expression “the calm of the forest”, which is in many ways a shining image and a sleeping pillow. At the same time, the title and photograph also contain the more introspective and personal aspect of my encounter with the forest: The light. The slow time in a forest. The beautiful. The mysterious. The scary. That I can often feel an uneasiness there more than a calmness, both on behalf of the forest, but just as much in my own experience in and of it.


About the Artist


I am mainly self-taught, with a ½ year course in photographic documentation at Nordens Fotoskola in Stockholm as my most important input. I have taken the documentary approach from there into my artistic work, and it is still often the starting point for what I photograph, and also the way I photograph. In my photography, I am generally preoccupied with the impermanent, and how humans affect nature and vice versa. As a larger project, I have previously photographed the last timber rafting in Norway (which ended up in a book and a separate exhibition at the Norwegian Forest Museum in 2011) and the Icelandic landscape seen from the car window, through many study trips (with several artist stays at SÍM in Reykjavik). I primarily photograph analogue, and often in black and white. I almost always work thematically, and in series. One of the most important things for me in the photography situation itself is to open up to the random, and thus to what I cannot or do not want to control.

CV • Arne Svalastog
Håtveitvegen 124, N-3810 Gvarv

Separatutstillingar

2023 Galleri Schaeffers gate 5, Oslo (november 2023)
2023 Galleri T I D, Mandal
2018 Seljord kunstforening, Seljord
2016 Halden Kunstforening, Halden

2011 Norsk Skogmuseum, Elverum
2011 Rauland kunstforening, Rauland
2005 Porsgrunn kunstforening/Telemark Kunstnersenter, Porsgrunn

Kollektiv- og gruppeutstillingar

2023 Galleri 164/Camera Lucida, Porsgrunn
2022 Sørlandsutstillingen, div. gonger, fyrste gong i 1991, gjesteutstillar 2006
2014 ”Operation France: Rift”, Transient Gallery, Des Moines, Iowa, USA
2012 ”Tre Fokus”, (kurator Putte H. Dal), Telemark Kunstnersenter, Skien
2011 SÍM House, artists-in-residence, Reykjavík, Island
2007 1997, Sommarutstillinga, Seljord Kunstforening
2004 ”Det skjulte Telemark”, vandreutstilling, Skien, Notodden, Asker, Ski
2003 ”En hyllest til Henrik Ibsen”, Skiens Kunstforening
2002 Telemark Fylkesgalleri, Notodden
2001 Telemarksutstillingen (invitert gjesteutstillar), Notodden
1995 1991, Statens Kunstutstilling, Høstutstillingen, Kunstnernes Hus, Oslo
1988 Fotografisk vårutstilling, Drammen
1988 Telemarksutstillingen, Skien

Offentlege utsmykkingsoppdrag

2014 Lyngbakken bo- og behandlingssenter, Skien kommune / KORO
2012 Skagerak Energis administrasjonsbygg, Porsgrunn

Offentlege innkjøp

2008 Skien kommune, Bakkane bo- og behandlingssenter
2007 Skien kommune, Gjerpen barneskole
2003 Norsk Kulturråd
2003 Telemark Fylkeskommune, Bø vidaregåande skule
1993 Norsk Kulturråd

Stipend

2011 Statens utstillingsstipend
2011 Reisestipend, Bildende Kunstneres Hjelpefond
2011 Reisestipend, Notodden/Sauherad/Bø kommune

Gjesteopphald/Residency

2012 2011, 2009, SÍM (Samband Íslenskra Myndlistarmanna), Reykjavík, Island
2004 Skandinavisk Forening, Roma, Italia

Representert i samlingar

Sørlandets Kunstmuseum, Kristiansand Skien Billedgalleri, Skien

Bøker

2016 ”Dragning mot sinnets dyp”, med Astri Hognestad og Agnes Buen Garnås, Grappa Forlag, Oslo
2011 ”Ei tømmerreise”, til utstilling på Norsk Skogmuseum, eiga utgjeving
2009 Biletredaktør for boka “Delte meninger”, Universitetsforlaget, Oslo

Bakgrunn

Autodidakt (1/2-års kurs ved Nordens Fotoskola, Biskops Arnö, Sverige, 1987. Div. andre kurs)

Medlemskap

Norske Billedkunstnere (NBK)
Forbundet Frie Fotografer (FFF)
Billedkunstnerne i Telemark (BiT)
Unge Kunstneres Samfund (UKS)

Is this your new site? Log in to activate admin features and dismiss this message
Log In
search previous next tag category expand menu location phone mail time cart zoom edit close